Breiband                                                                        - litt magi, resten teknologi

 

SØK satsar på breiband til sine nettkundar  
   Enkelt sagt er “breiband” ein fellesnemnar for løysningar som gjør det mogleg å overføre bilde, lyd og data i høg fart og med høg kvalitet gjennom ein og same kommunikasjonskanal.   Skånevik Ølen Kraftlag vil bygga ut fiberinfrastruktur som sin kommunikasjonskanal i SØK sitt konsesjonsområde og leverer breibandstenester som: 

Internett  Telefoni  TV  Film  Lagring

  SØK samarbeidar med Lyse Tele og Haugaland Kraft om å levera desse tjenestene. Produkta har felles produktnamn og logo:

  Som breibandskunde hos SØK kan du få desse produkta:  
 
Internett 10/10 Mbps eller 30/30 Mbps og 50/50 Mbps.  
  Ved val av Triple-P
lay (Internett, TV og Telefon i ei pakke)
er det ein fast månadspris med fri bruk
      teljarsteg
inntil 59 minuttar pr. telefonsamtale
til fasttelefon i Noreg. Internt i nettet til SØK 
     vil det vera fri bruk av teljarsteg på telefon. 
  Interaktivt Digital TV med mange valmoglegheiter.  
  Leige av film når det passar deg.

Fiberoptisk breiband ++
  Det er ikkje tilfeldig at me har satt to plussteikn etter breiband. Det er nemleg blant Nordens beste. Både hastigheiteten og innhaldet i pakken vår kan trygt samanliknast med det andre aktørar tilbyr i same prisklasse. Du kan velja mellom ulike pakkar, der blant anna netthastigheit og tal på  TV-kanalar varierer.

Rimeleg
  Ikkje nok med at kvardagen blir enklare og morsommare – den kan bli billigare også, for deg som surfar ein del. Prisen pr. månad er nemlig fast. Dermed kan du med god samvit verkeleg bruke Internett.
I tillegg vil fibertilknytinga gje ein meirverdi på bustaden din.

Moderne og trygt
  Med desse breibandtenestene blir du tilknyta eit av Europas mest moderne nettverk. Nettverket er basert på fiberkablar, der kvar enkelt kunde har ein slik fiber montert i sin bustad. Fiberen heima hos deg vert avslutta i ein elektronikkboks som vi kallar heimesentralen. Dette er ditt knutepunkt for alle nye framtidige tenester.

Den fiberoptiske kabelen me koplar opp mot bustaden din, er laga for å kunne takla framtidas tenestespekter.


  SØK leverer breiband basert på lyset sin hastighet via fiber. Test din opp - og nedlastingshastighet.  (Du treng ein Flash-avspelar for å få fram animasjonen som vert køyrd frå websida til Altibox.)


Velkommen som vår kunde!
 

   
La banken betale dei faste rekningane dine på forfallsdagen.  Bruk AvtaleGiro - det er lønsamt!